Torunn 2021-02-09 14:16:03

Instruks for kampverter

 

Smittevernsreglene legger nye føringer for hvordan kamper skal gjennomføres og hvilke oppgaver kampverten skal ivareta. Følgende instruks gjelder:

 

- Møt opp til avtalt tid og ha alltid på deg kampvertvesten din som du har fått utlevert frå klubben.

- Ha kontroll på kva kamp(ar) du skal vere kampvert for, kvatidspunkt kampen startar og kor på bana den skal bli spela.

- Sett fram antibacholdarane ved hovedinngangen ved klubbhuset og ved inngang/utgang midt på 11ar-bana dersom dei ikkje er satt ut allerede.

- Sett opp bane, merk opp innbyttarsoner, ha dialog med eventuelle andre kampvertar som er på jobb på same tid og trenarar som har treningar medlag.

- Husk gode avstandar mellom kampar og treningar, minimum 5 meter skal skille alle treningar og kampar på bana.

- Ønsk velkommen til heimelaget og bortelaget sine trenarar, lagleiarar og spelarar. Forklar dei kor dei skal vere før, under og etter kampen.

- Klubbhuset er stengt for alle utanom ansatte og kampvertar etterklokka 17.00 alle dagar i veka.

- Publikum har ingen adgang innanfor gjerda på banene, dei skal alltid stå utanfor. Dei kan også stå på utsida av gjerdet på fjellet på 11ar-bana. Heimelaget sine supportarar og bortelaget sine supportarar skal stå adskilt under kampen.

- Alle som ikkje spelar kamp skal alltid ha 1 meter avstand til andre personar.

- Skriv ned namn og telefonnummer til alle som er publikum. Du går ein runde i 1. Omgang og ein runde i 2. Omgang for å vere sikker på at du får med alle som tilstades. Ser du at det kjem nokon på slutten av kampen skal du også ha namn og telefonnummer til dei.

- Få inn oversikt over namn og telefonnummer til alle spelarar, trenarar og lagleiarar på laga i barnefotballen.

 - Du kontaktar trenaren til både eimelaget og bortelaget før kamp og får inn lister. I ungdomsfotballen er dette ikkje nødvendig då det blirregistrert i norges fotballforbund sine system før kampstart.

- Under kampen følger du med på innbyttersoner og at alle spelarane og trenarane føreheld seg til sonene.

- Etter kampslutt set du inn antibacholdarane i klubbhuset, dersom klubbhuset er stengt og du ikkje har nøkkel set du dei ved hovedinngangsdøra på klubbhuset.

- Rydd inn alle ballar, kjegler og vestar og legg dei i ballrommet. Dersom ballrommet er stengtog du ikkje har nøkkel legg du utstyret i kassane som er på utsida av klubbhuset tett inntil veggen ned mot 11ar-bana.

- Ta bilde av arket/arkene du har med navn og telefonnummer på dei som var tilstades under kampen du har vore kampvert på. Arket skal vere merka med dato, kva kamp det gjeld og kven som er kampvert. Bilda legg du ved i ein e-post og sender e-posten til både post@nesoyail.noog erling@nesoyail.no

- E-posten du sender blir lagra for eventuell smittesporing, e-posten skal sendast før du reiser frå nesøya idrettspark og arka som du har tatt bilde av skal leggast i postkassen på vegge på klubbhuset som heng ved inngangsdøra til ballrommet.

- Nyt turen heim vel vitande om at du har gjort ein flott innsats, skapt varig fotballglede og bidratt til sikker kampgjennomføring