Tusen takk, Nesøya!

I februar 2018 tok me turen over fjellet frå Vestlandet for å starta eventyret på Austlandet. Tida flyg når ein har det fint og ca. 3,5 år seinare tek me turen tilbake over fjellet igjen for å starta eit nytt eventyr i Leikanger i Sogn.

2021-06-29
Torunn

Frå første dag har me følt oss velkomne på Nesøya. Det har vore ei givande og flott reise for familien min og meg.

Me tek med oss mange gode minner og vil huska tida med stor glede.

Eg vil retta ein stor takk til alle involverte i Nesøya Idrettslag for den tilliten dei har gitt meg til å kunna utfolda meg og få setta mitt preg på alle prosjekta som me i fellesskap har skapt og vidareutvikla.

Tusen takk også til alle spelarar, trenarar, lagleiarar, frivillege eldsjeler, kollegaer, samarbeidspartnarar og til heile lokalbefolkningen for inspirasjon, glede og vennskap.

Nesøya Idrettslag vil for alltid ha ein spesiell plass i hjertet mitt og eg ynskjer dykk alt vel i framtida.

Me heiar på dykk frå andre sida av fjellet og satsar på å koma tilbake på besøk ein gang der framme.

Stå på vidare og nyt sommaren!



Helsing Nikolai, Julian, Linda og Erling Ola

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket