I 2020 kom det oppdaterte kriteriesett for Kvalitetsklubbar, noko som gjorde at klubbar som hadde blitt sertifisert som Kvalitetsklubb Nivå 1 måtte sjå over arbeidet som hadde blitt utført tidlegare samt at det kom nye krav som klubben måtte oppfylla.
Under arbeidet med resertifiseringen har ein fått ein endå tydeligare identitet og eit endå klarare rammeverk for driften av klubben.
I forbindelse med resertifiseringen har ein blant anna oppdatert retningslinjer for rekrutteringen av spelarar, revidert Sportsplanen og satt den inn i ein heilt ny mal, laga ein plan for dommarrekruttering og dommaroppfølging, laga eige årshjul for klubben som er synleg på klubben si heimeside, utdanna trenarar i eigen klubb der trenarane har gjennomført både teori og praksis i NFF Grasrottrenarutdanninga og fått utvikla nye rutiner under kampgjennomføring med kampvertar frå klubben.
NFF Oslo godkjente arbeidet med resertifiseringen den 22. juni 2021 og me kan stolt melda om at Nesøya IL Fotball offisielt er Resertifisert NFF Kvalitetsklubb Nivå 1!
Dette er ein ny milepæl i klubben si histore og noko me er meget stolte over.
Me satsar på at klubben tek fine steg på utviklingsvegen vidare og ser fram til det vidare arbeidet som Kvalitetsklubb.
Vi takker Erling for arbeidet med resertifiseringen, og at denne kom i mål før han avsluttet sitt arbeid hos oss! Nå er det vår nye sportlige leder Tomas Pereira, sammen med fotballstyret, som skal dra dette arbeidet videre fra høsten.
Kalender
|