Hospitering i Nesøya IL Fotball

Eit av måla Nesøya IL Fotball har satt seg for 2018 sesongen er å sette hospitering i system. Dette ser ein på som eit godt sportsleg tilbud, og i henhold til våre verdiar som er glede, mestring for alle, inkludering, respekt og vennskap.
2018-05-15
Torunn

Klubben følger her Norges Fotballforbund sine retningslinjer opp mot hospitering som er positiv differensiering for barn og ungdom som er 10 år (fødde i 2008) og eldre. 

Klubben ønsker å legge til rette for hospitering, samtidig som den til einkvar tid har oversikt over kva spelarar som hospiterar i dei ulike aldersklassane.

I den forbindelse har no Sportsleg leiar Erling Ola Fykse saman med trenar og spelarutviklar Mattias Book påbegynt vidareutviklingen rundt hospitering i Nesøya Fotball. 
 
Hospiteringen tar form steg for steg, og er eit samspel mellom Erling, Mattias, trenarar i klubb, spelarane og deira foresatte. 
 
Her vil Erling og Mattias ha kontinuerleg dialog med trenarar i klubb samtidig som klubben sjølv tar initiativ til å starte dialog rundt hospitering. 
 
Hospitering er flytande,og nye spelarar kan til einkvar tid hospitere. 
 
Alle barn og ungdom som hospiterar i Nesøya Fotball vil få utlevert ein eigen hospiteringsplan som både spelar og foresatte i fellesskap med hospiteringsansvarlege i klubb går gjennom og signerar. 
 
Klubben ser på dette som eit positivt tiltak for å øke fotballgleden, mestringsfølelsen, og for at fleire spelar fotball lenger i klubben. 
 
Gjennom denne vidareutviklingen av hospiteringstilbudet i klubben tar også klubben på seg ansvaret for å ha oversikten over kven som hospiterar. Dermed skal alle som hospiterar vere registrert i klubben sin oversikt, og all hospitering blir såleis klubbstyrt. Dette er også eit steg i riktig retning i forhold til Nesøya IL Fotball sitt arbeid rundt det å bli sertifisert som NFF Kvalitetsklubb nivå 1.
 
Dersom du har ytterligare spørsmål rundt hospitering tar du kontakt med Erling Ola Fykse på erling@nesoyail.no.
 
Klubben viser også til gjeldande Sportsplan for Nesøya IL Fotball, og til Norges Fotballforbund sine heimesider for ytterligare informasjon rundt hospitering.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket